Skjepavik

Spørjeleik

 

Kva tyder:

 

PJONK

 


 
 
 
 

SKJEPAVIK

Her kjem nyttig nytt om Skjepavik. Har du noko som skal på veggen, så send meg ein elektrisk post, einkvan@helgeunderland.priv.no


Skjepavik i Haugesunds Avis


Historia om Skjepavik


Markhusbygda


Nyttige saker

SONG TIL ÅKRAFJORDEN

 

Me veit oss ein heim, den er kjærast på jord.

Blandt stupbratte fjell ligg han, vår Åkrafjord

Med vikar og nes, heilt frå Fjæra til Sus.

Med skjellgrodde steinbryggjer, båtnaust og hus.

Me ser desse liene!- stuper frå topp.

Høyr!- Fjelltoppar ber oss å klatra hit opp!

Dei peikar på verda me herfrå kan sjå.

Sjå!- Sjøen er grønare! Himlen meir blå.

 

 

Sjå!-fossane nedetter steilaste li.

Me høyrer dei susar og fossar forbi

Dei syng denne ville og eggjande song,

den same som fedrane høyrde eingong.

Sjå!- åkrane som gav si grøde kvar haust.

Sjå!- beitet der krøttera kunne gå laust.

Sjå!- utløer, slåtter, kvar einaste støl!

Budeia som kinnar og ystar alt sjøl.

 

 

Og fjella dei peikar på vikar langs land.

Sjå-båtnaust som fiskaren gjorde i stand..

Sjå!- alle små skogteigar, øksar som hogg.

Høyr!- stuttorven kvislar i fin slotte-dogg.

Me ser deg du Åkrafjord, vårsola renn

og stryk deg på nord-sida, mildt som ein venn.

Me ser deg som fjella kan spegla seg i.

Sjå!- kveldssola!,-snart er ein ny dag forbi.

 

 

Me ser, kjære Åkrafjord, din vinter-drakt.

Ser fjella i måneskin viser si prakt.

Ser Karls-vogna styrer imot Allvanns-nut,

Då glitrar ei tåre hjå jente og gut!

Slik var du bestandig og slik vil du bli.

Du endrar deg aldri, det gjer berre vi.

Men aldri kan sløkkjast den kjærleikens eld,

som brenn for deg Åkrafjord, til siste kveld.

 

 

Me takkar deg for kvar ein løyndom du bar,

gav draumar og håp til vår mor og vår far.

Med sorg og med gleda du prøvde dei støtt

Me maken til Åkrafjord aldri har møtt.

Det karrige landet, her alt er så bratt.

I verda sitt mylder, me kjenner deg att.

Du kan vera streng men kan og vera mild.

Så leve vår Åkrafjord, vakker og vill!

 

Tekst: Johs Markhus

Mel: Åge Johan Markhus

 

 

Siste hendingar

Copyright © Muasa